- EU er ein del av løysinga

Eit norsk EU-medlemskap vil ikkje løyse alle våre problem, men er eit viktig steg i riktig retning.

I ein kronikk publisert 6. mars 2025 skriv Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum at «dette ikkje er tida for ein ny EU-kamp», og argumenterer for at Arbeidarpartiet og Høgre må slå fast at det ikkje er aktuelt å starte ein medlemskapsprosess dei neste fire åra.

Det er ikkje overraskande at EU-motstandaren Vedum vil legge lokk på EU-debatten. Han har fått med seg at stadig fleire nordmenn seier ja til EU, og vil difor gjere sitt for å hindre at folket får ta stilling til norsk EU-medlemskap gjennom ei folkerøysting.

Etter mitt syn er det både feigt og uansvarleg å avlyse EU-debatten når me ikkje veit kva me har i vente. Dei siste vekene har det for alvor gått opp for oss at verda slik me kjenner ho er i endring, og då må me tilpasse oss for å bevare samfunnet vårt og verdiane me set høgt.

Heilt sidan andre verdskrig har USA vore ein garantist for tryggleiken i Europa. Under president Trump vender USA ryggen til Ukraina og resten av Europa, og verkar meir interessert i å styrke samarbeidet med Russlands diktator Putin.

Det er me som bur i Europa som risikerer å verte den store taparen. Dersom ikkje europeiske land styrker samarbeidet, står saman og tek større ansvar for vår felles tryggleik, er risikoen stor for at me hamnar i ei skvis mellom stormaktene. Vil me verkeleg la Trump og Putin diktere vår felles framtid?

Vedum skriv at dette er tida for «å styrke det norske forsvaret, stå saman med våre venner og allierte og støtte Ukrainas fridomskamp», noko me alle kan vere samde om. Men det er inga motsetning mellom å gjere dette, og samstundes diskutere om Noreg har det betre som fullverdig medlem av EU, enn som annanrangs medlem gjennom EØS-avtalen.

EU er slett ikkje perfekt og kjem ikkje til å løyse alle utfordringane me står overfor. EU er fyrst og fremst ein viktig møteplass for oss som bur i Europa, men så lenge Noreg står utanfor treng ikkje EU-landa ta omsyn til kva me meiner. Det er eit demokratisk problem!

Eg skjønner godt at folk i Noreg føler på ei avmakt overfor EU når me ikkje har tilgang til EUs demokratiske prosessar. Av den grunn bør me vurdere om andre tilknytingsformer kan gjere avstanden kortare mellom folk flest og EU. Eg trur avstanden vil kjennest betrakteleg kortare dersom nordmenn får ta del i EUs folkestyre.

Akkurat no jobbar EU på høggir for å gjere Europa tryggare. Førre veke lanserte EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen at EU skal investere i overkant av 10 000 milliardar kroner på felles forsvar, beredskap og tryggleik. I tillegg satsar EU på å auke innovasjonsevna og konkurransekrafta til europeiske bedrifter samt fjerne unødvendig byråkrati. Eg er ganske sikker på at Senterpartiet ville stilt seg fullt og heilt bak desse politiske prioriteringane dersom det var nokon annan enn EU som hadde foreslått dei.

Vedum er diverre meir opptatt av å skape frykt og usikkerheit rundt kva EU kan kome til å verte ein gong i framtida, enn å forhalde seg til kva som faktisk skjer no. Han viser til ein fransk historikar som har teke til orde for at EU bør verte ein føderalstat. Dette er fyrst og fremst ei avsporing frå Vedum si side – det er ingenting som tyder på at EU er i ferd med å verte ein føderalstat. Ei slik endring føreset unison einigheit blant EUs 27 medlemsland, og ingen land støttar dette. EUs framtid avgjerast til sjuande og sist av medlemslanda og menneska som bur der.

Det bur langt fleire folk i europeiske demokrati enn i Russland og USA til saman. Kvar for oss er me utsett, men når me er foreint, er det ingen som tør å tråkke på oss.

I ei usikker tid held det ikkje å auke løyvingane til det norske forsvaret og støtte Ukrainas fridomskamp. Me må stille oss sjølve spørsmålet: Kan me gjere meir for å styrke dei europeiske demokratia og trygge Noreg? Stadig fleire meiner svaret er ja – og peikar på EU. Då er det naturleg å opne døra for ein ny EU-debatt, for det er mykje som tyder på at EU er ein del av løysinga.

Knut André Sande,

nestleder i Europabevegelsen

Powered by Labrador CMS