Stig Even Lillestøl. Pressefoto.

- Fridom og tryggleik uten EU

Venstre sin våte draum er å melde Noreg inn i EU. Eg har ikkje høyrd noko rop i Sogn og Fjordane for å melde oss inn i EU og ein opprivande EU-debatt, som splittar folket, er noko av det siste vi treng no. EU er ikkje resepten for eit tryggare Noreg. No må vi bygge opp vårt nasjonale forsvar og bidra til å styrke NATO.

Det er ingen tvil om at vi treng ei regjering som er meir aktive og vil bygge opp Forsvaret langt meir enn kva som er vedteke i langtidsplanen. Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk i mange land no ønsker strengare innvandring, mindre offentlig sløsing og eit Europa som bidreg meir til vår felles forsvarsallianse. Det er NATO som er Noreg sin forsvarspolitiske allierte og garantisten for tryggleik i Europa, ikkje EU.

Venstre har og ein våt draum om at folk skal betale meir for straum når dei vil avvikle straumstøtta. Venstre er så glade i EU at dei synes det er heilt greit at vi sender straum ut av landet, sjølv om det gir folk dyrare straum her heime. Venstre vil òg gjere kjøt dyrare. Ingen av tiltaka kjem folk i Sogn og Fjordane til gode.

At Alfred Bjørlo frå Venstre heller vil ha kandidatane frå Ap, H og Sp framfor meg, det forstår eg godt. Han er jo fullt klar over at eg stiller til val på å stanse den uansvarlege pengefesten til alle dei som i dag sit på SFJ-benken, for så å flytte fokuset tilbake på kjerneoppgavene til det offentlege: skule, helse, infrastruktur og tryggleik.

Eg vedgår at eg har kome med nokre spissformuleringar som ikkje alltid har vore like nyanserte. Det er ingen tvil om at Trump har hatt fleire utsegner dei siste vekene som er direkte usanne.

Eg meiner Noreg har mykje å lære frå land som har høgare fødelstal. Ungarn er eit døme som har brukt lågare skatt for å motivere fleire til å få barn. Eg meiner vi treng ein debatt om familiepolitikk og kva tiltak som skal til for å få fleire barn i Noreg.

Men vi treng definitivt ikkje Venstre si løysing med fri innvandring for å halde folketalet oppe. Regjeringa legg opp til å bruke over 30 milliarder på innvandring og integrering i år. Danmark bruker 3,7 milliarder danske kroner. Venstre sin naive innvandringspolitikk vil skape mange nye problem, i kombinasjon med ein hovudlaus klimapoltikk som vil skade Noreg.

Det som uroar meg i dagens politiske klima, er at Alfred Bjørlo sitt parti er blant dei som vil fase ut norsk olje- og gassnæring. Europa treng olje og gass som er produsert i eit demokratisk land, det naivt å tru noko anna. Eg vil oppfordre veljarane til å stemme FrP dersom dei vil halde fram med olje i 100 år til, og sikre viktig energi til Europa utan at krigsregimet til Putin skal få tjene seg rik på å ta over vår eksport.

For FrP er det viktig å ivareta norske interesser, i dialog både med USA og Europa. For oss er fridom og tryggleik det viktigaste.

Stig Even Lillestøl, FrP

Powered by Labrador CMS