
- Kva politikk står du eigentleg for, Lillestøl?
Eg vil ta turen frå Kristiansand og stoppe den uansvarlege pengefesten til alle dei som sit på SFJ-benken, hevdar Frp sin stortingskandidat, Stig Even Lillestøl. For min del er svaret at Høgre brukar 16 milliardar kroner mindre oljepengar enn Frp.
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo frå Venstre har nyleg utfordra Frp sin stortingskandidat Stig Even Lillestøl på at han til har uttalt til media at han vil skape ein kulturell og politisk allianse leia av Donald Trump, Viktor Orbán og Sylvi Listhaug.
I Lillestøl sitt svar til Bjørlo avlegg han òg Høgre eit besøk, og hevdar han vil stoppe den «uansvarlege pengefesten til alle dei som i dag sit på SFJ-benken».
Det hadde vore interessant å vite kva den utflytta nordfjordingen meiner om pengefest? Meiner han at innbyggjarane i Sogn og Fjordane har det for godt? Eller er han oppteken av Høgre sitt alternative statsbudsjett, der vi bruker 16 milliardar mindre oljepengar (auka i Ukraina-støtta er halde utanfor) enn Frp? Eller at Høgre i motsetnad til Frp nesten har halvert lakseskatten?
Høgre er opptatt av å redusere den offentlege pengebruken, og den utflytta nordfjordingen kan vere trygg på at dette er òg noko vi vil ha fokus på i framtida. Ikkje minst er dette nødvendig ettersom vi nå må bruke vesentleg meir pengar på forsvar og sikkerheit i framtida.
Stig Even Lillestøl hevder i innlegget sitt han er opptatt av fridom og tryggleik. Samtidig er han klar på at statsminister Viktor Orbán i Ungarn er ei viktig politisk leiestjerne for han. Der mange ser det djupt problematiske i eit stadig meir autoritært Orban-styre, med typiske angrep på uavhengige domstolar, angrep på homofile, motstand mot Ukraina-støtte, og Putin-flørting, ser altså Lillestøl på Orbán (og Donald Trump) som politisk leiarar som kommuniserer ei djupare sanning.
For oss som jubla over at Finland og Sverige blei medlemmer av NATO, var det heller ikkje særleg hyggeleg at dei einaste to som ville sette dette i spel var statsminister Viktor Orbán i Ungarn og president Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia. Hadde det skjedd, ville det særleg ha svekka sikkerheita i Skandinavia.
Olve Grotle,
stortingsrepresentant for Høgre i Sogn og Fjordane