- Makspris i engrosleddet på 35 øre – ei kortslutning for både arbeidsplassar og EØS-avtalen

Rita Tonning, 1. stortingskandidat for Raudt Sogn og Fjordane, hevdar at Raudt sitt forslag om makspris på straum – 35 øre per kilowattime – er å føretrekkje framfor regjeringa si Norgespakke. Men Raudt unnlèt å nemne konsekvensane.

Norgespakken er ei regulering av prisen ut til forbrukarane. Raudt sitt forslag går derimot inn og regulerer prisane i engrosmarknaden, altså der straumen vert seld mellom produsent og kraftleverandør. Dette er ein heilt annan type inngrep, og det vil vere i strid med EØS-reglane. Noreg er ikkje lenger ein einerådande aktør i kraftmarknaden – vi er ein del av det europeiske kraftsamarbeidet, som vi frivillig har slutta oss til gjennom EØS. Norgespakken er derimot utforma slik at han er i tråd med EU-retten.

Kva er så konsekvensane av Raudt sitt forslag? Noreg risikerer sanksjonar, tap av marknadstilgang og ei svekking av heile EØS-avtalen. Det vil ikkje berre ramme kraftnæringa, men heile eksportindustrien vår – frå fiske og aluminium til skipsfart og teknologi. Slik Raudt ordlegg seg, er det utvilsamt at målet er å øydelegge forholdet til EU og ikkje at folk skal få lågare straumrekning. Då kunne dei heller har foreslått lågare straumpris ut til forbrukar dei òg, og ikke fjerna marknadsreguleringa av pris i engrosleddet.

Det Raudt kallar «rettferdig straumpris» vil i realiteten undergrave investeringar i kraftproduksjon og ny industri. Når staten tvingar fram eit kunstig lågt prisnivå i engrosmarknaden, forsvinn insentiva til å investere i fornybar energi og til å ta vare på den kraftinfrastrukturen vi alt har.

Norsk vasskraft er i dag viktig for grøn industrisatsing – alt frå batterifabrikkar til hydrogenproduksjon. Desse næringane er heilt avhengige av eit velfungerande og føreseieleg marknadssystem. Med Raudt sin politikk vil tilliten til Noreg som energipartnar forsvinne, og arbeidsplassar vil gå tapt – både i kraftnæringa og i industrien som brukar kraft.

Raudt har rett i at straumprisane har blitt ei belastning for mange hushald og kommunar. Men løysinga er ikkje å rive ned eit system som i ei årrekke har gitt oss både trygg straumforsyning og ein konkurransedyktig industri.

Regjeringa sitt forslag om ein «Norgespris» – ein referansepris kombinert med støtte – er ei meir treffsikker og berekraftig løysing. Den gir hjelp til forbrukarane utan å bryte med internasjonale avtalar eller øydelegge marknadsbalansen.

Leif Sande, 

fagleg sekretær i Retning EU

Powered by Labrador CMS