- Skal vi bygge ned lokalsamfunnet vårt, og påføre elevane våre store konsekvensar for å styrke ein anna skule og eit anna lokalsamfunn, spør Marte Hundvebakke i dette innlegget.

Nedlegging på Skei gir ikkje innsparing på skulebygg

Skulestuktursaka kan ikkje vere ein konkurranse om å ha mest og vere best. Skulestruktursaka bør og skal handle om barnas beste. Det har vore vårt fokus heile vegen, og det skal det fortsette å vere. Vi vegrar oss for å ha ein offentleg debatt i media, då vi ser at dette påverkar ungdommen vår på ein negativ måte. Vi ser oss dessverre likevel nøydde til å nyansere fakta frå lesarinnlegget med tittel «Kor mykje pengar er Sunnfjord kommune villige til å bruke på skulebygg i Jølster». Når ein uttalar seg offentleg, og driv «folkeopplysning» på uriktige faktagrunnlag, ser vi oss nøydde til kome med nokre korrigeringar og faktaopplysningar.

Når det gjeld skulebygget der ungdomsskuleelevane på Skei held til, har vi tidlegare i prosessen vore i kontakt med administrasjonen på bakgrunn av innsyn i innsparingspotensialet. Når det gjeld bygg er svaret frå dei «Der er i fleire tiltak rekna på kva ein kan spare på å frigjere bygningsmasse. I tiltak D er det ikkje lagt inn noko effekt på dette for Skei skule sin del. Sjølv om det kan vere noko reduksjon i vedlikehaldsutgifter ved at det vert færre elevar, vil det vere minimalt og høgt usikkert».

Det er med andre ord lite å spare på bygg ved å flytte elevane frå Skei til Vassenden. Dette på bakgrunn av: Det skulebygget der dei tre ungdomsskuleklassane på Skei held til er det kun tre klasserom og grupperom som vert nytta berre av ungdomsskuleelevane. Resten av bygget vert brukt til administrasjon, bibliotek, lager og kontor til vaktmeister, spesialrom og musikkrom. Bruken av og behovet for desse fasilitetane vil ikkje forsvinne ved at tre klasserom vert ståande tomme. Det betyr at bygget framleis kjem til å vere i bruk, og vil med det framleis ha driftskostnadar og behov for vedlikehald. Bygget kan heller ikkje seljast, på bakgrunn av nemnte.

Når det gjeld påstand om at Skei har «eit større tilbod om tomter» og med det er ein mindre attraktiv stad å etablere seg - stemmer heller ikkje dette. Byggefeltet «Brendehaugane» på Kjøsnes er no ferdig utbygd, der tomtene vart selde i omtrent same prisgruppe som nemnte byggefelt i Jovikhogen. Det er rett at det ligg 3 ledige tomter på Skei per dags dato. Dette er billegare tomter med noko mindre gunstig plassering. Følgjeleg er heller ikkje prisnivået på dei representativt for dei nye tomtefelta som har vore og er under utvikling i Brendehaugane. Det er fleire familiar som ventar på byggetrinn 2 i Brendehaugane. Så realiteten er at vi treng tomter på Skei òg.

I nemnde lesarinnlegg er der og ei avhandling om ulempene ved å samle Vassenden skule i eit skulebygg med 1-10 i same bygg, der ein argumenterer med at det er ugunstig i tilfelle folketalsvekst og utbygging av byggefelt på Vassenden. Då sit eg igjen med følgande spørsmål: Er det rimeleg at ein skal nytte elevane våre som «fyllmasse» for å «redde» ein skule som ikkje treng reddast? Her finst løysingar som kan sikre 1-10 skule på både Skei og Vassenden der Sunnfjord kommune ivaretar alle borna i Jølster sin livskvalitet, men og sparar minst like mykje pengar som dei gjer ved å legge ned ungdomsskulen på Skei. Skal vi bygge ned lokalsamfunnet vårt, og påføre elevane våre store konsekvensar for å styrke ein anna skule og eit anna lokalsamfunn? Fordi det kanskje kjem nye tomter der og folketalsvekst på Vassenden. Statistikken er klar, Skei skule har stabile elevframskrivingar.

Når det gjeld henvisning til vårt skuleportrett der det står følgande «Samarbeid med nærliggande skular kan bli aktuelt for å møte utfordringar med små klassar/grupper», så er det tatt fullstendig ut av kontekst. Den setninga var ein del av ei drøfting på bakgrunn av dersom ein fekk problem med små klassar, der vi skulle komme med forslag om kva vi kunne gjere for å løyse det. Då var det snakk om å samarbeide med andre skular i dei klassane det gjaldt, ikkje flytte elevane. Heldigvis har vi stabile elevtal dei neste 20 åra, så det er ei problemstilling vi ikkje treng å forhalde oss til.

De har heilt rett i at Sunnfjord kommune har eit økonomisk ansvar, men dei har og eit stort ansvar i forhold til å sikre bornas beste i Sunnfjord kommune. Når det gjeld tiltak som omhandlar barn må ein nytte mildaste inngreps prinsipp for å nå målet. Det er ikkje til borna i Skei skulekrins sitt beste å legge ned ungdomsskulen, det på bakgrunn av: uforsvarleg lang reiseveg, rasfarleg reiseveg, påverknad av psykisk og fysisk helse, sosiale utfordringar i forhold til begrensa moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar, samt at lokalsamfunnet på Skei vil verte svekka.

Samhald skapar ein ved å jobbe i lag for å sørge for at alle elevane i Jølster har ein god skulekvardag og ei verdifull fritid. Samhald skapar ein ikkje ved å påføre andre sine born og lokalsamfunn konsekvensar ein ikkje ønskjer for sine eigne.

Avsluttar med «De tåler så inderlig vel den urett som ikke rammer dem selv».

Marte Hundvebakke

Powered by Labrador CMS