
- Maksimalpris på straum og fjerning av prissmitte frå Europa er best for hushaldningar og industrien
I eit lesarbrev åtvarer Leif Sande mot Raudt sitt framlegg til maksimalpris på straum. Sande signerer dette lesarbrevet i stilling av å vere fagleg sekretær i Retning EU, ein organisasjon som i tillegg til å vere for EØS-avtalen òg er tilhengjar av norsk EU-medlemskap. Det er på sin plass å nemne at i eit debattinnlegg i Teknisk Ukeblad den 19. april 2025, signert av Maria Stokseth Hurlen og Clemens Kerle, advokater i CMS Kluge, vert det argumentert for at 'Norgespris kan være i strid med EØS-avtalen'. Den såkalla Norgespris for straum er altså den løysinga som Leif Sande går inn for, medan han på si side viser til EØS-avtalen når han argumenterer mot Raudt sin straumpolitikk. Ein kan ha ein von om at dette paradokset kan få Sande til å tenkje seg om og kanskje til og med slutte med å avskrive andre sine standpunkt ved å vise til EØS-avtalen.
Sande påstår at målet til Raudt eigentleg ikkje er «at folk skal få lågare straumrekning». Men heile poenget med at Raudt har komme med framlegg om maksimalpris på straum på Stortinget på 35 øre per kilowattime, samt eit tak på nettleiga, er jo nettopp å garantere alle, inkludert offentlege arbeidsplassar og bedrifter, eit handterleg straumprisnivå.
Ein maksimalpris er dessutan eit tak, som straumprisen òg vil kunne gå under i løpet av året. Ap sin Norgespris er ein fastpris for hushaldningane på 40 øre per kilowattime før alle avgifter, som òg vil fungere som eit golv som straumprisen aldri vil gå under. Den importerte prissmitta er òg ein av hovuddrivarane i den generelle prisauka, så den hindrar verkeleg investeringar i kraftproduksjon og ny industri.
Raudt er difor samd med det største fagforbundet i privat sektor; Fellesforbundet, som på sitt landsmøtet i 2023 vedtok fråsegna 'Strøm – En strategisk ressurs'. Her slo Fellesforbundet mellom anna fast at straum må komme under demokratisk politisk kontroll, at prisdanninga i kraftsystemet må setjast med basis i produksjonskostnadane og ikkje slik dagens børsdrevne marknad fungerer, der prisen vert styrt av høgaste bodgjevar i Europa. Raudt er òg samd med Fellesforbundet om at vi treng eit oppgjer med dagens eksisterande marknadsbaserte kraftregime, inkludert ei frikobling frå EU sin energiunion gjennom utmelding av energibyrået ACER.
Det er ikkje hemmeleg at Raudt er motstandarar av EUs fjerde energimarknadspakke, norsk EU-medlemskap og EØS-avtalen. EØS-avtalen har som utgangspunkt at det skal vere fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft, med nokre unnatak. Den frie etableringsretten dette gjev selskap registrert i andre land ifrå EU/EØS-området gjer det vanskelegare å motverke sosial dumping av lønns- og arbeidsvilkår i arbeidslivet i Noreg. EØS-avtalen snevrar dessutan kraftig inn på handlingsrommet til Stortinget, noko som har ført til mindre folkestyre. Det er ikkje bra at skiftande stortingsfleirtal har gjeve frå seg sjølvråderett på sentrale område kor det er viktig for Noreg å kunne tilpasse politikken til den norske røynda. Noreg er eit kaldt land. Det er særs viktig å få på plass nasjonal og politisk kontroll innan kraftpolitikken.
Rita Tonning,
1. stortingskandidat for Raudt Sogn og Fjordane